Veke 36

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

”Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.” (Joh. åp. 3, 20)

I 1988 var eg i Laodikea. (I Tyrkia) Der var det ikkje mange spor etter Laodikea-forsamlinga som Johannes skriv til i kapittel 3, og der var ingen levande kyrkjelyd å besøkje. Var Kristuslivet døyd ut? Hadde ikkje folk tatt til seg dei åtvarande orda om lunka tru, åndeleg synsformørking og feil type rikdom? Var det for vanskeleg å vende om, og finne att sporet inn til livsfellesskapet? ”Alle dei eg har kjær, refsar eg og viser til rette. Gjer alvor av å venda om!” (v. 19)

 ”ALLE DEI EG HAR KJÆR….” Guds gode vilje for sine born er bygd på ein ufatteleg kjærleik. Kjærleiken er utgangspunktet for all Guds handling. Også når kallet til omvending vert ropt ut. ”Kjærleiken er langmodig…… Kjærleiken er velviljug.….. Kjærleiken søkjer ikkje sitt eige…… Kjærleiken gøymer ikkje på det vonde……!” Kjærleiken ønskjer alltid det beste for andre. Det er dette BESTE, GODE ØNSKJE for livet som driv Jesus til å rope ut eit varsko mot lunken tru. Ei døsig og lunken tru fører til innestengd liv og åndeleg einsemd. Til slutt sloknar trua, og ein misser det gode fellesskapet med Jesus.

I dagens bibelvers er det Jesus som taler til oss. Han seier at han står og bankar. Kva skal du lytte etter? Eg trur du først skal lytte til Jesu bankande hjarteslag FOR DEG: ”Eg har deg kjær!” Deretter skal du lytte etter Andens stemme, som vil leie deg og tale til deg dagleg. Han vil hjelpe deg å opne døra så lyset kan sleppe inn. Og Han vil føre deg djupare inn i fortruleg samfunn med Jesus.

Minner om Storsamling på komande søndag kl. 11:00 i Meland Aktiv. Det vert måltidsfellesskap; NATTVERD. Vi skal også døype Peter Angeslkår. (Guten til Turid og Magnar) Og vi skal dele tankar om emnet ”Den Heilage Ande bur i dei som trur.” VELKOMMEN!

GOD HELG!

 Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *