Veke 38

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Eg veit at ein del folk i menigheten driv og pugger bibelvers. Eit vers i veka. Det kan vera god hjernetrim, og ikkje minst nyttig. Ord som vi lærer utanat har ein tendens til å dukka opp att når vi treng dei. Og Den Heilage Ande bruker ofte vårt kunskapsregister når han kjem med si milde, kviskrande stemme.

Jødane måtte pugge heile lova og alle buda i Skriftene. Jesus kom, og han samla innhaldet i boda til to enkle sanningar som er lett for oss å lære og å huske: ”Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.” (Luk. 10,27)

Blir du med på ei puggehelg? Tipper du kjem til å klare dette bibelverset utan å måtte droppe alle andre helgeplanar….

Det er STORSAMLING på søndag i Meland Aktiv kl. 11:00. Barnekoret ”Levande lys” blir med. La oss ta godt i mot våre gjester, både borna i koret og dei vaksne som er med. Det blir samling for Kongebarna, med eit litt anna opplegg enn det vanlege, men heilt sikkert like kjekt. 🙂

Tema for Storsamlinga er ”Den Heilage Ande – ein kjempegod ven!” Kanskje du skulle ha eit vitnesbyrd på søndag, og fortelje forsamlinga om noko du opplever eller har opplevd i venskapet med Den Heilage Ande? Ver frimodig!

Minner også om Kvinnemøter i Alversund denne helga. (Sjå tidlegare utsend info og annonser i avisene.)

GOD HELG!  

Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *