Veke 39

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Lukas 15 er eit fantastisk kapittel. Det avspeglar Guds hjarte for kvart einskild menneske. Gjennom tre likningar får vi innsikt i ein grensesprengjande kjærleik frå Gud til menneske.

Alle dei tre forteljingane har GLEDE som mål. Ordet ”glede/glad” er nemd heile 8 ganger i dette korte kapittelet på 32 vers. (I gjennomsnitt kvart 4. vers…) Og alle forteljingane munnar ut i storslått feiring, fest og glede. Gud blir glad, engler gler seg og menneske blir glade. Kva er det som utløyser så mykje jubel og glede?

Dersom du mangler oppstemt glede i livet, finn du oppskrifta i Lukas 15. (Det er berre til å gå i gang og prøve det ut:-)

”Og når han har funne han, vert han GLAD…” (v. 5)

GLED dykk med meg!” (v. 6 og 9)

”… større GLEDE i himmelen…” (v. 7)

”… GLEDE mellom Guds englar…” (v. 10)

”… lat oss halda måltid og vera GLADE” (v. 23)

”… Og så tok GLEDA til.” (v. 24)

”Men no skal vi vera GLADE og fegne…” (v. 32)

Som du ser er dette berre deler av teksten. For å skjøne samanhengen, må du slå opp og lese heile kapittel 15 i Lukas. J Det er mi oppfordring til deg denne helga.

Kor lang tid tar det? Eg har tatt tida: Eg brukte nøyaktig 3 minutt og 35 sekunder. Det er den tida det tok for Yusuf Saad Kamel å bli verdensmester på 1500 meter onsdag 19. august. Gjett om han var GLAD! Han hadde nådd sitt mål. (Sjå: http://nrksport.no/friidrett/1.6738409) Eller på sekundet den tida det tar å lytte til ”My Child is coming home” av David Phelps. (Sjå: http://www.youtube.com/watch?v=lAZ56FrxmoI) Denne Må du berre få med deg!

GOD HELG!

Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *