Veke 43

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

“Guds nåde varer livet ut”

Dette er overskrifta på Salme 30 i min bibel. Innhaldsrike ord, og herlege ord for tanke, hjarte og sjeI.

I strevet vårt etter å leve så godt vi kan, kan vi lett falle i denne grøfta: Nåden blir ein teori for tanken utanfor det praktiske livet.

Vi dømmer oss sjølv hardt. Tanken om å leve rettferdig er snublande nær oss. Det er hardt å innrømme konkrete feil, og ikkje minst konkrete synder. Vi er livredde for å tape ansikt. Det kan skade folk sitt inntrykk av oss, vi kan miste status, og vi kan havne utanfor det gode selskap. Og vi trur at folk liker oss på grunn av det vi gjer, og ikkje på grunn av den vi er.

Det er lett å tenkje slik også om forholdet mitt til Gud. Eg kan leve i den missoppfatninga at så lenge det går rimeleg greit, har eg god sjanse til å verta frelst og få evig liv til odel og eige.

Orda i Salme 30 er ein oppvekkjar i dag: Eg er omslutta av Guds nåde 24 timar i døgnet livet igjennom. Min status hos Gud og Jesus er “barn” og  “venn.” Eg er innkludert! Eg er rekna med hos Gud. Eg har status som “frelst syndar” i himlen. Ikkje “frelst av gode gjerningar eller karakterer,” eller “frelst på grunn av god orden og åtferd” Nei, eg er “frelst av berre nåde.” Det handlar faktisk ikkje om ein bokteori. Det gjeld mitt praktiske og levde liv. Mitt “ja til Jesus” gir meg ein ny identitet. Eg får tilrekna hans rettferd over mitt eige ufullkomne liv. Eg tar imot hans nåde og seier “TAKK JESUS!”

“Ein augneblink varer hans vreide, hans nåde varer livet ut.” (Salme 30, 6)

Anbefaler gudstjeneste i Norkirken Bergen (i Kristen Fellesskap sine lokaler i Møllendalsveien) på søndag kl. 17:00. Generalsekretær i Normisjon, Rolf Kjøde, taler der.

GOD HELG!

Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *