Veke 44

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

“Så legg eg dykk framfor alt på hjarta at de ber fram bøner og forbøner, påkalling og takk for alle menneske.” (1. Tim. 2, 1)

Kva har vi fokus på når vi ber?

Spørsmålet kan godt hengje der i lufta, utan at eg kjem med veldig sterke føringar. Men eg vil minne om at Gud har sagt at han ser våre daglege behov, og at vi ikkje skal uroe oss for mat, drikke, klede og det vi treng for å leve. “Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?” (Matt. 6, 26) Vi skal sjølvsagt få be og takke for daglege behov og helse som vi treng for å leve. Men eit egofokusert bønnejag etter personleg større suksess, flottare kariere, meire penger og rikdom til eigen nyting, blir eigentleg eit sidespor i forhold til Jesus og apostlane sine tankar om bøn. Bibelen viser oss ein nøkkel i bøn som handlar om å utvide horisonten frå meg sjølv og mitt eige, til å begynne å be om alt godt for andre. Bibelen oppfordrer oss framfor alt å ha levande menneske som bønnefokus. Vi skal først og fremst be for kvarandre og andre menneske. Kampen står om menneske, ikkje om ting.

I dag får de eit vedlegg i helgehelsinga. Det er ein bønekalender. Bruk den, og la den bli ein del av din daglege andaktsrytme.

Eg vil minne om STORSAMLING på søndag klokka 11:00. Utdeling av 4‑års bok. Nattverd. Offer til Norkirken Nordhordland. Tema: “Den Heilage Ande gir kraft til å leve”

Denne helga er Hildegunn, Ingelin og Torjus heime for å ha konsertar i Åsane kirke. I kveld kl. 19:00 er det GARNESS — konsert. I morgon, lørdag, er det FAMILIEKONSERT kl. 16:00.

Og når vi er inne på konsertar, vil eg alt no nemne at Solveig kjem til Vestlandet og Nordhordland i veke 46, saman med bl.a. Barry McGuire. (Ostereidet 10.11 og Frekhaug 11.11) Meir info kjem i neste veke. La oss be for artistane, og be om at dei må klare å formidle evangeliet og Guds kjærleik til folk på konsertane sine.

GOD HELG!

Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *