Veke 49

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

”Livet er meir enn….”

n

Det vert ofte kommentert i media at Noreg er eit av verdens rikaste land, og eit av verdens beste land å bu i. Like fult er det ein røyndom at mange slit med livet. Også mange born og unge slit. Folkehelseinstituttet melder at 15 – 20% av born og unge i Noreg har nedsett funksjon på grunn av psykiske vanskar. Meir enn 44.000 norske born tok imot tilbod frå barnevernet i 2008. Årleg opplever om lag 22.000 born at foreldre avbryt samlivet og flytter frå kvarandre.

n

Mange born og unge lever utan håp for framtida. Kvifor, kan vi spørje. Kanskje er dette nokre av svara: Viktige relasjonar er brotne. Eit aukande tal av oppløyste familiar. Auka krav til tidleg planlegging av utdanning og karriere. Ein stadig tøffare arbeidsmarknad. Stadig sterkare fokusering i media på å vere vellukka og suksessfull. Og den åndelege dimensjonen i livet får svært magre kår. Trua har blitt ei privatsak som vi ikkje skal snakke for høgt om. Trua på ein god, kjærleg, omsorgsfull og frelsande Gud vert understimulert og tabulagd i det offentlege rom.

n

Færre og færre born og unge får kunnskap og kjennskap til Jesus, som frelsar og ven. Ikkje det at livet vert problemfritt berre fordi ein tar eit personleg standpunkt til Jesus. Men det er ei sterk og god erfaring å kunne vitne om at Jesus gir hjelp og trøyst under alle forhold i livet. Han gir styrke, kraft og nytt mot. Og han kan forandre fastlåste og håplause livssituasjonar. Ein mørk og håplaus livshorisont kan verta lys og håpefull når Jesu ord får slå rot i eit menneske: ”Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.” (Joh. 8, 12)

n

”Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?” spør Jesus. Vi har stort sett alt vi treng i Noreg. Av materielle ting. Men er vi i ferd med å verta ein åndsfattig nasjon? Og har vi mista trua på at livet er meir enn eit kort og tilfeldig opphald på denne jorda? Kor er det blitt av framtidshåpet om det evige livet? Dette håpet blomstrer sterkt i deler av verda der det materielle håpet er svakt.

n

I Norkirken ønskjer vi satse på borna og dei unge. Kva verdiar er det vi ønskjer å gi borna våre? Korleis kan vi hjelpe dei å lukkast med det gode liv, også når motgang, vanskar og problem dukkar opp? Eg trur det er vitalt viktig at dei får smaken på Jesus. At dei lærer å følgje Han som er livsens lys. Trua er som eit sennepsfrø. Ho er lita i starten. Men når ho modnast og får veksa seg sterk, i eit godt og næringsrikt miljø, kan ho flytte fjell.

n

Minner om Vaffeldagen på Frekhaug og i Knarvik senter førstkomande lørdag (5/12)mellom kl. 11:00 og 15:00.
Det er ikkje Storsamling på søndag, men eit godt alternativ kan vere gudsteneste i Norkirken Bergen 6. desember kl. 17:00. Underteikna taler. 🙂

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *