Veke 50

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Det er Nobeldagar i Noreg og Sverige denne veka. Og i går vart fredsprisen utdelt i Oslo til verdas mektigaste mann, den amerikanske presidenten, Barack Obama. Eit stort ansvar kviler på hans skuldre, for det er framtida som vil vise om denne fredsprisen var ei rett og god tildeling. Men vi treng ikkje tvile på at Obama har store tankar, visjonar og mål for fredsarbeidet i verda. Og no har han blitt tildelt rolla som den fremste fredsfyrste mellom leiarar for folk og nasjonar. Og det er ikkje laurbær frå fortidas fredsbragder men ansvar for framtidas fredsresultat som kviler på Obama sine skuldrer.

n

Det som skjer i Oslo desse dagane har fått meg til å reflektere over nokre ord som vi kan lese om i boka Jesaja i Bibelen. Her skjer det nemleg ei verbal tildeling av ein fredspris til ein person som enno ikkje var fødd. Det skulle gå meir enn 700 år frå annonseringa av prisen til resultatet av fredsarbeidet kunne leverast. Men så var til gjengjeld resultatet 100% solid og sikra for all framtid. Eg tenkjer på Jesaja sine ord i kapittel 9 vers 6: ”For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.”

n

Jesus kom og skapte fred mellom Gud og menneske. Han vart fødd som ein fattig gut i Betlehem. Men gjennom sitt liv og sin død sikra han evig fred for deg og meg. Han fjerna årsaka til krig, menneske si synd, og han skal ein dag i framtida sikre fred mellom folkeslag og nasjonar. (Sak. 9, 10)

n

Vi er midt i adventstida, og julesongane er begynt å tona rundt oss. Ein av dei er songen ”No koma Guds englar med helsing i sky.” Englane kom med bodskap om fred. Fred på grunn av barnet som no var fødd. Jesus, fredsfyrsten, var komen! Visjon var blitt røyndom. Profetiar gjekk i oppfylling. Det var verkeleg grunn til å syngje: ”Vår fredsfyrste høgt vere lova!”

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *