Veke 51

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

”Julestemning, juleglede,
julefred i alle sinn
Julens gjest er selv til stedet,
far og mor Ham lukket inn
La meg være fri i kveld
La julesangens gamle tone
mildne og forsone såret sinn.” (Fra Fangens julekveld – Garness)

n

”Har du julestemning?” ”Nei, det er mange år siden eg hadde det,” var det kontante svaret. Gjennom mange strevsame år hadde den barnlege gleda og den sitrande forventninga langsamt runne ut av kjenslene. Ein treng ikkje vere innsett fange i fengsel for å kjenne på det såre, det tunge og det vanskelege som levd liv har påført sinnet. Det er eit tankekors at nettopp julehøgtida er den vanskelegaste tida for mange, både unge og vaksne. Vi bruker veker på å førebu oss til det som skulle vere eit høgdepunkt av glede, jubel og feiring med familie og vener. Og så er det likevel så mange som slit når sjølve julehøgtida skal nytast.

n

Har du juleglede? Det er ei glede som kan femne sjel og sinn, sterkare enn sanseinntrykka av julemat, juletre, julepynt, glitter og stas. Det er den gleda som du kan erfare når Jesus vert fødd på ny i ditt hjarte og i di ånd. Det er det største under på jord: At eit menneske får ta imot jula sin gjest som sin personlege Frelsar og Herre, og så la Han verta fastbuande for resten av livet. Då tennast ei usløkkjande indre glede, som ikkje er avhengig av tradisjonell ”god” julestemning i kjenslene. ”Lat meg atter få fryda meg over di frelse…” (Salme 50, 14)

n

Her ligg løyndomen til julefred. Når barnet i krybba får vekse og bli stor frelsar skjer underet; Jesus kjem med sin fred. Han fyller deg med takk og lovsong. Du får tru deg frelst og utløyst, og levd liv finn ein kvileplass. Bører kan leggjast av, sinnet kan fornyast, og du kan kjenne på indre fridom og fred. I motsetning til den barnlege gode julestemninga, som så lett kan forstumme etter som åra går, kan gleda over jula sin store frelsesbodskap verta sterkare og sterkare gjennom livsvandringa saman med Jesus. På grunn av Han vert gleda tend på ny. På grunn av Han kan du fryda deg og jubla. På grunn av Han vert hjarta ditt fylt med fred. God gudskapt julefred.

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *