Veke 2

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Visdom kan vere god bagasje å ha med i livet. Bibelen taler mykje om visdom og kunnskap. Visdom som gir oss kunnskap om viktige ting og forhold i livet. Paulus skriv om visdom og openberring, så vi kan lære Gud å kjenne. Ikkje berre kunnskap om – men også kjennskap til – Gud.

n

Du treng opplysning utanfrå deg sjølv for å få innsikt i kven Gud er, og kva Han betyr i ditt liv. Gud har skapt deg for ei meining og ei hensikt. Du er ikkje tilfeldig. Du er spesiell. Du er elska av Gud, og Han vil gjerne ha eit forhold til deg. Dette kan du lese mykje om i Bibelen. Her finn du visdom og kunnskap om desse viktige tinga.

n

Livet er meir enn eit kort pust i tida. Du er kalla til eit framtidshåp som strekkjer seg inn i det evige. Det er håp for di framtid! Gud har gode tankar for deg og ditt liv, uansett kva prøvingar og problem du måtte treffe på her i livet.

n

Og ikkje berre framtida. Når du lærer Gud å kjenne, vil du oppdage at Han er interessert i det livet du lever akkurat no, her i denne dagen. Han har ei veldig kraft, som er tilgjengeleg for den som trur. Du får den mengde kraft du treng for å leve i din kvardag. Store utfordringar og problem utløyser stor kraft. Som dagen din er, skal styrken din vera.

n

I dag tidleg, då eg skulle setje meg ned med Bibelen, var det mørkt. Men det finst råd for å lese i mørke hus. Eg har ei god leselampe til hjelp for å sjå godt. Men det hjelper lite med leselampe som har støpselet fråtrekt kontakta i veggen. Krafta er der, rundt meg i huset, men utan tilkopling er og blir det like mørkt i huset.

n

Eit banalt bilete, kan du seie, men saka er at utan visdom/kunnskap om straum, kraft, støpsel og kontaktar, ville eg sitje der i mørkret, med full tilgang til kraft rundt meg, men utan å vere klar over korleis eg kunne få det lyset og den krafta eg trengte for å leve livet.

n

Har du same tiltru til Gud som til el-verket? At Gud gir deg den krafta du treng for å leve? I tilfelle skulle du slutte å leve utan tilkopling i det åndelege livet. Få ”støpselet i kontakta”, og få ei ny erfaring, og ny kjennskap, til den Gud som er 100% nær deg i livet ditt.

n

”Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig.” (Ef. 1, 17 – 19)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *