Veke 4

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Kvar har trua sitt ankerfeste? Er det i eigne kjensler og livserfaringar? I tifelle kan vi fort drive av. Å kaste anker inne i eigen båt er dårleg sjømannskap. Også i det åndelege livet. Vi treng eit fast ankerfeste utanfor båten som held gjennom vindstille, flau vind og full storm. Guds ord er dette trygge ankerfeste. Her finn vi fast grunn til å ankre opp trua. 

n

I år 2000 skreiv og komponerte mor Haldis og eg eit musikkverk med tittelen ”Alle våre dagar.” No vert dette verket gitt ut på Cantando Forlag. Eg har tidlegare hatt songane heime til korrekturlesing, og her om dagen fekk eg tilsendt ferdig notehefte. Eg vart sitjande ved pianoet og syngje meg gjennom songane i heftet, og eg stansa særleg med nokre strofer frå ein av songane:

n

”Ditt ord er vår trygge tilflukt, ditt ord kan vi lita på. Når angsten grip tak i hjarta, på ordet ditt vil vi stå. Der bur vi i trengselstider, der bur vi når alt er stilt. Ditt ord er ei sikker tilflukt når uveret rasar vilt.”

Ei sikker tilflukt. Eit sterkt og trygt ankerfeste. Guds ord gir næring til trua. Når Guds ord finn vegen til hjarta mitt, kjenner eg at det skaper trua i meg. Songen, som denne strofa er henta frå, har tittelen ”Ditt rike Herre Jesus.” I Salme 145 i Bibelen finn vi ei inspirasjonskjelde til denne songen. Dette er ord med håp og trøyst for trua:

n

”Ditt rike står gjennom alle tider, ditt herrevelde varer frå ætt til ætt. Herren støttar kvar den som fell, og reiser alle nedbøygde opp. Alle vender augo ventande til deg, og du gjev dei mat i rette tid. Du opnar di hand og mettar alt som lever, med det som godt er. Rettferdig er Herren i all si ferd og trufast i alt det han gjer. Herren er nær hjå alle som kallar, hjå alle som kallar ærleg på han.” (Salme 145, 13 – 18)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *