Veke 5

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

“Det er makt i de foldede hender,
i seg selv er de svake og små.
Men mot allmaktens Gud du dem vender:
Han har lovet at svar skal du få.

n

Det er svar underveis, engler kommer med bud.
Om det drøyer, det fram dog skal nå.
For det lovet jo løftenes trofaste Gud:
Kall på meg, og du hjelpen skal få!”
(Trygve Bjerkrheim, 1955)

n

Denne helga arrangerer vi seminar med tema samtale og forbøn. Det er mange som opplever at det gjer godt å få snakke med, og be saman med, eit medmenneske om problem, sjukdom og andre ting i livet som er strevsamt. Det er ofte godt å dele bekymring og smerte med eit menneske som har tid til å lytte. Og det er fantastisk å få løfte av tunge bører i bøn til den allmektige Gud. 

n

Bibelen er full av løfter knytt til bøn. Jesus underviser om bøn, og lærer disiplane sine å be til Gud og å ha forventning til at Gud vil høyre og svare på bønene. Å be til Gud er som å snakke med den meste kjærlege og omsorgsfulle far ein kan tenkje seg. Ein far som har tid til å lytte, svare og handle på barnet sine ønskjer og behov.

n

Mange seier at dei har så lita tru, og at det er så vanskeleg å be til ein usynleg Gud. Då må vi minne kvarandre om at det er ikkje dei mange flotte og overbevisande orda som er nøkkelen i bøna. Heller ikkje eigen styrke og åndskraft. Å be er å komme til Gud. Det handlar om retning. Kvar går eg med mine spørsmål, bekymringar og problem? Å tru er å komme til Jesus, med alt, også med tvilen.

n

For meg er det ein nøkkel å be med Bibelen som bakteppe. Eg minner meg sjølv om orda og løfta som står der svart på kvitt. Her finn eg styrke og retning for å be. I Guds ord kan trua mi kvile. Det er her eg finn bærekraft til uthaldande bøn. Uavhengig av mine prestasjonar og fine formuleringar. Jesus lærte oss å be enkelt, utan mange fine ord. Bøna ”Fader vår” rommar det meste, utan å nemne alt i detaljar. Detaljane kan knytast inn i bøna, etter behov.

n

Ein sommar for mange å sidan, då eg var ein liten gut, opplevde eg å få gi eit ekorn mat frå handa mi. Det skjedde gradvis, over mange dagar. Dei første dagane var ekornet nysgjerrig, men våga ikkje å koma nær meg. Eg hadde brødbitar i handa, som eg tenkte å gi til ekornet. Etter nokre dagar med gradvis tilnærming, kom ekornet så nær at det til slutt våga å ta brødbiten frå handa mi. Det var opparbeida nok tillit. Ekornet skjøna at eg ville det berre godt. 

n

”Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, eller ein orm når han bed om fisk? Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!” (Matt. 7, 7 – 11)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *