Veke 7

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Tru er sterke saker. Og samtidig noko sårbart og skjørt.

n

Det er lett å tru når livet er dans på roser. Eller, er det eigentleg det? Kan ikkje trua lett verta overflatisk i medgangstider? Mange kan vitne om at det var i tider med motgang og krise at trua fekk djupare feste. Slik har det og gjerne vore for meg. I motgangstider har trua pløgd seg djupare i det åndelige livet. Eigen svakheit har vorte Guds styrke og muligheit inn i livet mitt.

n

Jesus har blitt meir synleg for meg i tider med problem og motgang. Etter snart 50 levde år kan eg i dag frimodig proklamere: Jesus er mitt store håp for dagen i dag, for morgondagen og for framtida! Trua på meg sjølv har ikkje alltid stått like sterkt. Eg veit noko om eigen svakheit og avgrensingar. Når eg ser på meg sjølv og omstende rundt meg, kan eg lett bli motlaus og deprimert. På meg sjølv… Men ikkje på Han som eg trur på! Trua på Jesus har aldri mist taket i meg. Det er eit stort under. Eg har faktisk opplevd fleire under gjennom livet. Men det største underet er at Jesus har bygd inn trua, stein på stein, i livet mitt. Og altså kanskje mest merkbart gjennom tider med motgang.

n

”Gud, lær meg å se
at hvor jeg går, følger du med,
at dine øyne ser
alt som meg skjer, alt som meg skjer.”
(Kristin Solli Schøien)

n

”Jeg er i Herrens hender i alt som med meg skjer.
I smil og gråt eg kjenner at Herren er meg nær.
Om jeg i dype daler må gå den tunge vei,
Frå himlens høye saler Hans øye følger meg.”

(Erling Tobiassen)

n

Det er noko herleg som skjer når eg får leggje livet mitt i Guds hender. Det kjem ein djup fred inn i sjel og sinn når eg går til Jesus med alt. Tru er å komme til Gud med livet. Tru er å gi seg over til den usynlege Herre, som har skapt alt og som held oppe alle ting med sine sterke hender. Ja, Han er også opphavsmann og fullendar for trua mi. (Hebr. 12, 1 – 3) Han byggjer tru inn i livet mitt. Han veit korleis eg er skapt, og han veit kva grep som skal til for å skape trua i meg.

n

Men det er mi oppgåve — og mitt ansvar — å møte dagen i dag med respons på hans verk i meg sjølv og i livet mitt. Eg kan trene opp trua mi, eller eg kan la den forfalle. Dette er faktisk ei viljesak. Eg kan aktivt velje TRUA. Tru på at Gud finst. Tru på Jesus. Tru på at hans ord og løfter i sitt ord er sanning. Tru på at han ser meg. Tru på at hans plan og vilje for meg er framtid og håp. Tru på at Han er med i alt som meg skjer.

n

”Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde.”
(Ef. 6, 16)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *