Veke 8

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh. 3, 16)

n

Gud vil at alle menneske skal verta frelste. Det ligg ein djup kjærleik bak dette ønskje. Kjærleiken til verda er utgangspunktet for Guds handlande redningsaksjon. Ein grensesprengjande, altomfattande kjærleik. Alt vi treng for å overvinne og overleve synd, vondskap og død vert gitt oss i ”ei pakke.” Her kan vi verkeleg snakke om tidenes gåvepakke. Gratis av berre nåde.

n

Guds gåve til menneska er Jesus. Han er Guds gåve til oss. Til deg! Han gir håp for livet ditt i dag. Han gir håp for framtida di. Han er grunnlaget for evig liv og frelse for deg, ja Han er di frelse. Du får ta imot denne frelsesgåva i tru. ”Kvar den som trur på Han…” Korleis tar du imot denne gåva i tru? Her er eit godt svar på det: For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige for Gud, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste. (Rom. 10, 9)

n

Det finst to utgangar frå livet. Frelse og fortaping. Guds ønskje for deg er frelse. Jesus har ordna det. Men Gud treng at du sanksjonerer på gåva. Du må stadfeste og ta imot gåva. Det gjer du ved å seie ”Ja takk, Jesus! Du er mi frelse, og eg vil ta imot deg. Du er min Herre. Takk for at du døde for meg. Takk for at du frelser meg frå fortaping, og gir meg evig liv. Hjelp meg til å leve som ein etterfølgjar av deg.” 

n

Johannes 3, 16 vert ofte kalla for ”Den vesle Bibel.” Det er eit godt uttrykk på dette sentrale bibelverset. Dette eine verset openberrar eit enormt innhald: Guds kjærleik. Guds frelse. Guds gåve. Alt er gratis av nåde til deg og meg. Og vi tar imot det med takk!

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *