Veke 9

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

På søndag hadde vi storsamling med tema ”Troens vitnesbyrd.” Dette er eit spennande og utfordrande tema. Vi kan lett hamne i eit uføre her, ved å tenkje at dette handlar om oss sjølv, og vår sterke tru. Då vert trua prestasjonsorientert, og kristenlivet vert for dei som ”får det til.”

n

Trua sitt vitnesbyrd er ikkje eit meisterskap i kven som kan flytte størst fjell, eller kven som har den sterkaste trua. Vitnesbyrdet, som eg skal få lov å dele med andre, handlar først og fremst om mitt personlege møte med den levande Jesus Kristus. Vitnesbyrdet mitt handlar om at Jesus kom til jord, døde for meg, stod opp igjen og lever i dag. Og Han lever, ved trua, i meg og mitt liv! 

n

Paulus vitnar om eit radikalt møte med Jesus på vegen til Damaskus. Det var eit sjokk for Paulus å erfare at Jesus, som han trudde var død, faktisk levde. Møte med den oppstadne Jesus forandra for alltid livet hans. Vi kan snakke om eit ”før og etter.” Kristendommens grunnvoll er trua på at Jesus Kristus sigra over synd og død, og at Han lever i dag i kvart menneske som trur på Han.

n

Paulus kunne vise til ei rekkje med store åndelege opplevingar, under og mektige gjerningar. Men likevel er det vitnesbyrdet om møtet med Jesus som står i sentrum når Paulus forsvarer trua si. Alt kviler på dette eine faktum: Jesus er ikkje død. Han lever, og det får enorme konsekvensar for livet. For Paulus betydde det 180 grader omvending, og ny kunnskap og kjennskap til Gud.

n

Heretter hadde Paulus eit sterkt fokus: Å føre flest mulig menneske til tru på Jesus Kristus. Så viktig var dette for Paulus, at han var villig til å dø for det. Han satsa livet på det, for han visste at alt til sjuende og sist handla om dette eine: Å vinne livet, ved trua på Jesus.

n

Slik kan Paulus sitt vitnesbyrd uttrykkjast: ”Eg har møtt ein person som har forandra livet mitt. Han heiter Jesus Kristus. Han døde og stod opp igjen, og Han lever i dag. Han har synt seg for meg. Han lever i mitt liv, og Han hjelper meg. Han har frelst meg, og tilgitt syndene mine. Han vil at alle mennesker skal vende om, komme til tru på Han og bli frelst.”
(Apgj. 26, 1 – 29)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *