Veke 10

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Tema for storsamlinga førstkomande søndag er ”På leit etter disiplar.” Teksten som vi skal hente inspirasjon frå, står i Lukas evangelium kapittel 15, vers 1 – 7. Eg vil oppfordre til lesing og meditasjon over heile dette kapitlet i Bibelen. Det er nemleg eit fantastisk kapittel!

n

I Lukas 15 kan vi lese tre likningar som Jesus fortalde. Alle tre omhandlar same tema: Ein Gud som er på leit. På leit etter verdifulle menneske. Og alle menneske er svært verdifulle! Alle er inkludert i Guds tanke og omsorg. Ingen må stå åleine utanfor. Dei som har gått seg bort må reddast. Dei som har rota det til for seg, må få ein ny sjanse. Dei som er forsvunne må finnast. Alle ressursar må setjast inn i Guds store leiteaksjon.

n

Det er Guds store, bankande hjarte for alle menneske som vi møter i Lukas 15. Vi møter ein kjærleik som er grensesprengjande og total. ”For så høgt elska Gud verda…..”

n

Medan eg sit og skriv denne god helg helsinga, tikkar det inn ei melding på mobilen min frå ein god medarbeidar: ”Ein person som har tatt imot Jesus i kveld. Halleluja!” Det betyr i klartekst at Gud har nådd eit verdifullt menneske med sin kjærleik. Ein redningsaksjon som er vellukka. Det er gode nyheiter, og dette utløyser stor glede både her på jorda og i himmelen:

n

”Og når han har funne han, vert han glad…” (Luk. 15, 5)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *