Veke 12

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Korset er sentrum i den kristne trua. Det minner oss om Jesu død for deg og meg. Og det minner oss om det største problemet for oss menneske; synd. Alle mennesker har synda, og konsekvensen av det er døden. Derfor er korset sentralt. Her døde den eine for alle. Han som var utan synd tok all verdens synd med seg opp på eit kors. Her vart vegen tilbake til livet med Gud opna for alle menneske. ”Det er fullført,” var Jesu siste ord på korset.

n

Konsekvensen av synd er fortsatt til stades og svært synleg i verda, også i dag. Vi ser det rundt oss, og vi kjenner det i eige liv. Og mange lever midt i eit inferno av vald, urett, sjukdom og død ved inngangen til denne påskehøgtida. Livet er ein kamp mot dødskreftene, og framtida ber i seg mørke fargar av håpløyse.

n

Men når alt er som mørkast, når alt håp er ute, kan korset frå Golgata gi oss lys til å sjå vegen inn til eit heilt nytt landskap og ei heilt ny verd. Det håplause vert overskygga av eit lysande framtidshåp.

n

Når livet vert ein skugge, av det som eingang var.
Når ingen roser blømer i ditt sinn.
Lyft augo opp til himlen, til han som er din far.
Han kviskrar til ditt hjarta; du er min,

n

To hender lyser i mørkret,
To hender som vil bæra deg når du sig i kne.
To hender, to naglemerkte hender.
Skal føra deg til kvile og fred.

n

Når gjennom ville heia du heilt åleine går,
Når alle stjerner sloknar på din veg
Då strålar enn i natta, ei stjerne rein og klår.
Frå dag til dag ho trufast leier deg.

n

Når frosten drep kvar spire, når angsten grip di sjel
Når båten driv omkring på opprørt hav
Då står ein kross og lyser, om Jesus han fortel.
Og om det nye livet han deg gav.
(Haldis Reigstad)

n

”Men han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom.” (Jes. 53, 5)

n

God helg!

n

Og god påske!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *