Veke 15

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Denne helga vil eg minne om nokre ord som står i ei lita profetisk bok, som vi finn heilt mot slutten av Det gamle testamentet. Boka, som berre har 3 kapittel, inneheld ord av profeten Sefanja. Han hadde sitt virke ca. 600 år før Kristus i Juda riket, med Jerusalem som hovudstad. Mange av orda hans er veldig strenge, og akkurat det har nok sin grunn i at nasjonen på denne tida var i fullstendig moralsk og religiøst forfall. Men mot slutten av boka, i det tredje kapitlet, står det nokre milde og oppløftande ord om håp for framtida. Desse orda kan vi i dag lese i lys av påskeevangeliet og dei hendingane som fann stad meir enn 600 år etter at orda var profetert av Sefanja.

n

”Gled deg, Jerusalems dotter, og jubla av heile ditt hjarta! Herren har fria deg frå straffedomen og teke bort dine fiendar. Herren, Israels konge er hjå deg, du skal ikkje lenger vera redd noko vondt. Den dagen skal dei seia til Jerusalem: Ver ikkje redd, Sion! Lat ikkje hendene siga! Herren din Gud er hjå deg, ei kjempe som kan frelsa. Han gleder og frydar seg over deg, tek deg atter inn i sin kjærleik. Han jublar over deg med fryd.” (Sef. 3, 14 – 17)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *