Veke 18

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Uthaldande forplikting. To ord som handlar om karakter. Å halde fast på eit løfte over lang tid. Å ikkje gi opp, sjølv om utfordingane er store. Å gi seg til noko ein har tru på, også når den første begeistring har lagt seg. Å overgi seg til ei sak som er større enn meg sjølv og mitt eige liv. 

n

Men ikkje berre karakter. Lidenskap er ein stor fordel når ein skal satse på eit engasjement som skal vere livslangt. Karakter kan samanliknast med ein god og solid motor. Men lidenskap er drivstoffet som skaper framdrift og entusiasme. Lidenskap er nødvendig for å overgi seg heilt til eit oppdrag eller ei sak.

n

I vår tid er det ikkje populært å binde seg til noko over lengre tid. Personleg fridom til alltid å kunne bestemme over seg sjølv og sitt eige individuelle liv har blitt den høgste verdi. Vi er livredde for å ”misse oss sjølv.” Slik sett har Jesu kall til etterfølging dårlege odds i 2010. Jesu kall handlar nemleg om uthaldande forplikting. Og då treng vi både karakter og lidenskap. 

n

Og ingen av delane kjem gratis drivande på ei fjøl. Karakter handlar om hardt arbeid på sin eigen natur og person. Og lidenskapen kjem først når ein skaffar seg kunnskap og kjennskap til ei sak gjennom aktivt engasjement.

n

David er eit forbilde når det gjeld uthaldande forplikting. ”Eg vil syngja for Herren heile mitt liv og prisa min Gud så lenge eg er til” (Salme 104, 33) ”Eg vil leva for Herren, og mi ætt skal tena han og vitna om han for ætter som kjem. Til nye ættleder skal dei fortelja at han greip inn til frelse.” (Salme 22, 30 – 32)

n

Og så møter vi Jesu store utfordring til oss alle i dagens helgeord: ”Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne?” (Luk. 9, 23 – 25)

n

Kjære vener: Kva treng vi å gjere for ikkje “å misse oss sjølv”?

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *