Veke 19

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Det er mykje snakk om verdiar og pengar i verdsøkonomien for tida. Fleire land opplever store økonomiske utfordringar og finanskriser. Beløpa som vert omtala i media er svimlande. Vi klarer ikkje å fatte omfanget av verdiar og pengesummar som må til for å løysa problema. Denne veka har regjeringar i EU etablert eit gigantisk krisefond som skal hjelpe vanskelegstilte land i Europa.

n

På søndag hadde vi oppe ein bibeltekst om pengar og verdiar under tema ”På leit etter verdiar.” Ei kvinne hadde mista ein sølvpeng. Ein drakme med verdi på ca 70 øre etter dagens valutakursar. Men den gangen var sølvpengen verdt ei dagløn for ein arbeidar. Kvinna leita og leita. Tente lys og kosta i alle krikar og krokar i huset. Og ho fann pengen. Så vart det fest og glede. Naboar og venner vart informert om det lukkelege utfallet av leiteaksjonen, og i himmelen – blant englane – braut det ut spontan glede. 

n

Kvifor denne veldige glede over ein sølvmynt som vart funnen? Vi skjønar sjølvsagt at sølvmynten er symbol på noko av mykje større verdi enn pengar. Jesus talar i likningar. Og sølvmynten er symbolet på menneskesjela. Ein Gud som leitar etter verdifulle menneske. Ein Gud som søkjer etter det mest verdifulle på jorda, menneske som har mista seg sjølv. Ein Gud på leit etter deg og meg. For å fortelje oss at hans kjærleik er total. Vår verdi er så stor at vi er umistelege for han. 

n

I Norkirken Nordhordland har vi ei verdibok. Der er det lite av kroner og øre. Men der står det mykje om andre typar verdiar; om menneskeverd og Guds kjærleik for alle menneske. ”Alle mennesker er verdifulle for Gud. Han ønsker derfor at alle mennesker skal få høre om hans kjærlighet. Norkirken Nordhordland ønsker å forkynne Guds uendelige kjærlighet for menneskene, og kjærlighetens fundamentale plass i Guds plan. Vi vil at menighetens liv skal basere seg på vissheten om at ”Gud er kjærlighet, og den som blir i kjærligheten, blir i Gud og Gud i ham.” (1. Joh. 4, 16)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *