Veke 20

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Kva gjer Den Heilage Ande? Har du tenkt over at den Anden som arbeider i oss i dag er den same Ande som verka i Jesus og i disiplane hans? 

n

Den Heilage Ande er ikkje blitt tappa for kraft gjennom kyrkja si historie, sjølv om kyrkja (Guds folk) i perioder ser ut til å ha mista noko av krafta frå Den Heilage Ande. Kva gjer Anden i dag? Og kva må vi kristne gjera for at Andens verk skal få større gjennomslagskraft i oss? 

n

Eg har ikkje tenkt å gi noko raskt og enkelt fasitsvar på desse spørsmåla. La oss heller gå inn i pinsehelga i ettertanke, bøn og søken etter meir av Gud i liva våre; meir av Den Heilage Ande. Og lat oss samlast i Guds namn, og finne ut meir om kva Den Heilage Ande gjer i oss og mellom oss.

n

Den Heilage Ande har ei gjerning som han ønskjer å utføre i deg og i meg. Han vil svært gjerne vere verksam med si kraft gjennom sine disiplar i dag, nett som for 2000 år sidan. 

n

”Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.” (2. Kor. 3, 17 – 18)

n

God helg! Og god pinse!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *