Veke 21

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

I dag vil eg skrive om “kjærleiken.”

n

Jesus rangerer menneske langt høgare enn alle materielle verdiar. Og han bruker ordet kjærleik for å setja ord på verdien av eit menneske. Gud elskar menneske. Jesus elskar menneske. Og han oppfordrar oss menneske til å elska kvarandre.

n

”Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik. De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.” Slik kunne Jesus ordleggja seg. Han var kompromisslaust opptatt av godheit og kjærleik til menneske, og han var ivrig opptatt av å framelska kjærleiken menneska seg imellom. Når han fekk spørsmål om å samla boda i ein sum, var svaret grunda på kjærleiksidealet; å elska Gud og å elska menneske.

n

Apostlane vart gripne av Jesu lære om kjærleiken. Paulus skriv at kjærleiken aldri skal ta slutt. Den skal vare til evig tid. Korleis er det mulig? Eg trur det må vere fordi Gud er kjærleik. Der Gud er, der er kjærleiken. Johannes skriv at kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.

n

Det er fantastisk å vite at Guds tiltrekningskraft heiter kjærleik. Det er denne krafta som bind fellesskapet mellom Gud og menneske saman. Og det gir håp for framtida å tenkje på at ingen andre krefter kan slå ut kjærleiken. ”For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er, eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.”
(Rom. 8, 38 – 39)

n

GOD HELG!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *