Veke 22

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

I desse dagar kan vi sjå korleis naturen prisar sin skapar. Nytt liv spirer og gror, og fuglesangen lyder sterk og liflig i skogen. Heile naturen tilber Herren. 

n

”Fyll hele jorden med lovsang, opphøy Herren med alt hva du har. Fienden bare skjelver når vi overalt frimodig opphøyer Far. Fyll hele jorden med lovsang, også fjellene skal juble en gang. Og trærne skal klappe i hendene, hele jorden skal fylles med lovsang!” (Jonnie Slottheden)

n

Også mennesket er skapt for å tilbe. I særklasse. Med eit utvida repertoar av ord, tonar, musikk, vilje, kjensler, hjarte, forstand og livsgjerning. Alt som i meg er, skal tilbe Herren. 

n

Gjennom livet har eg oppdaga noko av løyndomen ved å tilbe og prise Gud. Eg kjem inn i eit djupare livssamfunn med Gud, og eg gjer nye erfaringar med Gud i livet mitt. Når eg tilber Gud får Han makt i mitt liv. Når eg tilber Herren, vert det skapt ein djupare tillit og forventning til Guds styrke og handlekraft. Eg vert fylt av både respekt og forventning.

n

I Salme 103 har David satt ord på noko av dette:
”Mi sjel, lov Herren! Ja, alt som i meg er, skal lova hans heilage namn. Mi sjel, lov Herren, og gløym ikkje alle hans velgjerningar. Han tilgjev all di skuld og lækjer all din sjukdom. Han friar ditt liv frå grava og kronar deg med godleik og miskunn. Han fyller ditt liv med det som godt er, og gjer deg ung att som ørna. Herren grip inn og frelser, let alle som er trelka, få sin rett. Lov Herren, heile hans skaparverk, på alle stader der han rår! Mi sjel, lov Herren!.” (Salme 103, 1 – 6 og 22)

n

GOD HELG!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *