Veke 25

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Livet er ei gåve. Og livet i Noreg er ei ekstra stor gåve. Igjen er landet vårt kåra til verdas mest stabile land. Vi lever på ei grøn og frodig grein. Fantastiske levekår!

n

No står sommaren for døra. Mange får sin velfortjente ferie no. Og med ferie kjem kreativ livsutfalding. Hobbyar og interesser kan pleiast, og ferielivet inviterer oss til kvile og avslapping heime og på reise. Vi får god tid til oss sjølv. Dette skal vi ta godt vare på, og det er ein del av det gode livet som vi får leve i Noreg.

n

Også i ferien utfordrar Jesus oss til å leve i fellesskap med han. Ferien kan vere ei særleg god tid til å lese i Bibelen, få ny inspirasjon i kristenlivet og aktivt søkje åndeleg fornying. Og vi er også kalla til å vere eit kristen fellesskap i ferien. Det kan vi vere ved å be for kvarandre og å pleie sosiale relasjonar med kvarandre.

n

Sommarferie betyr eit lengre opphald frå den vanlege tralten. Også i Norkirken Nordhordland får vi no eit opphald i storsamlingar og cellegrupper. Då er det særleg viktig at vi har eit vakent blikk for kvarandre, og hjelper kvarandre og har omsorg for kvarandre i fellesskapet. Vi lever ikkje berre for oss sjølv, men for Herren og for kvarandre. 

n

”For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv. Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til.”
(Rom. 14, 7 – 8)

n

GOD HELG!
Og GOD SOMMAR!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *