Veke 37

Vak og be!

n

Har du erfart det same som eg har erfart? Nemleg at menneskenaturen er veik? Det hender faktisk at eg vert trøyt og søvnig når eg skal be. Og det er plutseleg så mykje anna som vert viktig å gjera når eg skal ta ei stille stund med Gud. 

n

Om ikkje du kjenner deg igjen, er eg likevel i godt selskap. Læresveinane til Jesus fekk merka dette, alle som ein, då dei skulle støtte og hjelpe Jesus i ei kritisk natt i Getsemane. Og dei sovna på vakt, heile gjengen. Trass i at Jesus fleire gonger vekte dei og ba dei skjerpe seg.

n

Å vake betyr å vere på vakt. Det vil seie å vere førebudd på noko som skal skje. Jesus gir nærast eit påbod til læresveinane om å vake og be. Både i undervisning før hendinga i Getsemane, og særleg denne natta då det viktige slaget om frelse for alle menneske vart avgjort. 

n

Læresveinane var ikkje åndeleg førebudd på det som skulle skje, og då kampen sette inn, svikta dei Jesus, trass alle tidlegare store ord om at dei aldri skulle svikte. Dei fekk erfare kor svake dei var i eige kjøt. 

n

Jesus har god kunnskap om menneskenaturen sine svake sider. Og det er derfor visdom og klokskap i åtvaringa og formaninga som han kjem med til sløve og søvnige læresveinar: “Vak og bed at de ikkje må koma i freisting! Ånda er viljug men menneskenaturen er veik.” (Matt. 26, 41)

n

Så vidt eg veit er fortsatt menneskenaturen veik, også i vår tid. Mennesket har ikkje utvikla eit godt imunforsvar mot å takle prøvingar og fresitingar i eiga kraft. Her trengst det åndskraft. Og det får ein som kjent tilgang til ved å vake og be.

n

Det er oppløftande å sjå at det går an å lære av tidlegare feil og nederlag. Ikkje så lenge etter hendinga i Getsemane finn vi vakande og bedande læresveinar: “Alle desse (læresveinane) heldt samhuga ved i bøn i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.”
(Apgj. 1, 14)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *