Veke 40

“En sovende kjempe?”

n

Dagleg leiar i Oase, Einar Ekerhovd, reiser dette spørsmålet i siste nummer av fornyingsmagasinet “OASEN.” Her er eit sitat frå leiaren: “Troen må få betydning på en helt annen måte i våre liv og vårt samfunn. Vi er et folk, en kirke, som taler om Gud, tror på Gud, men regner egentlig ikke med Han i det daglige. Vi har alt vi trenger. Vi er en sovende kjempe, vi er en seilbåt med lite vind i seilene. Men det kan det gjøres noe med. Gud kan vekke sin kirke, Gud kan sende Den Hellige Ånd som en vind som tar tak.”

n

Vi treng å be om at Gud gjer dette blant oss. At Han vekkjer oss opp til forbøn for land og folk. Lat oss saman be om at Gud sender ut arbeidarar til å hauste inn grøda si. 

n

Av og til treng vi nokre praktiske hjelpemiddel for ikkje å gløyme oss i bønneoppgåva. Sjølv har eg sett alarmen på mobiltelefonen min til å ringje på eit fast tidspunkt kvar dag. Tidspunktet, som eg har sett til 10:02, minner meg samtidig på eit sentralt bibelvers i denne samanheng, frå Lukas 10,2.

n

Eg utfordrar deg til å gjere det same, eller noko tilsvarande: La det vere ein alarm i livet ditt som minner deg på oppgåva om å be for land og folk, og om å be til Han som eig hausten, at Han sender ut arbeidarar til å hauste inn grøda si. Og la ikkje berre alarmen irritere deg, men reager med å be, kort eller lenge, alt etter kor mykje tid du kan ta, der og då!

n

Og han sa til dei: “Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.” (Luk. 10, 2)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *