Veke 42

Makt til å bli barn.

n

I den svenske gospelmusikalen “Befriad” er det ei songstrofe som lyder slik, omsatt til norsk: “Men alle dei som tok imot Han, dei gav Han makt til å bli Guds born.” Eg har fleire gongar denne veka funne meg sjølv nynnande på denne songen. 

n

Sitatet frå songen er henta frå eit vers i evangeliet etter Johannes, og er eit kjerneord i den kristne trua. I ein del bibeloversetjingar er ordet “myndigheit” brukt i staden for “makt.” Altså, rett og slett autoritet. 

n

Ein mann i politiuniform representerer ei makt og ein autoritet med rettar langt utover eigen personleg mynde. Han er ikledd autoritet frå det kongeriket som han representerer ved å bera uniforma. 

n

Ein person som tar imot Jesus får autorisasjon til å bera ei uniform som gir rett og makt inn i Guds rike. Ein ber ei usynleg autoritetsdrakt med rett til å vere kongens barn, arving og forvaltar. Dette skjer ved å ta imot Jesus i tru.

n

Forstår du dine rettar? Lever du kvardagen din med dette for augo? Du er ikledd barnekårsdrakta frå Guds rike. Du har barnets kraft og makt til å påkalle din pappa, i full visse om at du er autorisert barn i hans rike.

n

“Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.”(Joh. 1, 12)

n

Løft blikket! Rett ryggen! Lat augo stråle og smile! Du har rett, makt og mynde til å vere barn! Med Gud til far! 🙂

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *