Veke 43

Framtidshåp!

n

Det var vanskelege tider for Israelfolket. Dei var bortførde til Babylonia. Dagane var tunge, og heimlengten var stor. Mange såg etter ein rask utveg, og folk drøymde om eit kortvarig eksil.

n

I denne situasjonen var det nokre profetar som kom med falske ord om kjappe løysingar og snarleg utfriing frå fangenskapet. Dette var ikkje ord frå Gud, men ord og tankar dei sjølv produserte, kanskje for å tenne eit håp i ein tung og håplaus situasjon.

n

Det kan vera freistande å tenkja at Gud skal vera garantist for eit problemfritt liv. Eit lett og sorgfritt liv utan liding og tunge byrder. Men det er ikkje alltid at livet vert slik. Det er ikkje alltid slik at alle sorger forsvinn over natta, sjølv om vi håper og trur på eit mirakel. Vi må ofte leve gjennom periodar med liding og smerte.

n

Jeremia levde nær Gud. Han høyrde Guds ord. Han kunne fortelje at den raske løysinga på problemet ikkje kom til å verta røyndom. Mange skulle leve heile livet sitt i Babylonia. Folk måtte døy og gravleggjast i framand jord. Men likevel var det håp. For Gud hadde ein plan, og han var med. Og han ville gripa inn og føra folket heim. Men dette låg fleire generasjonar fram i tid. Etter 70 år skulle det skje.

n

For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, lèt eg dykk finna meg, seier Herren. (Jer 29, 11 – 13)

n

Så kan vi sikkert lære noko av dette i vårt jag etter raske utvegar. Gud har kontroll, og han har tankar om fred, framtid og håp. Han er alltid med, og han høyrer på bøner. Men det kan ofte sjå ut som han har større tålmod og betre tid enn oss menneske. Men kan hende har ventetida ei hensikt? Kan hende at delte hjarte kan verte heile?

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *