Veke 45

Nytt håp!

n

Sist helg var eg i Riga. I tre dagar fekk eg vere med på den evangeliske aksjonen til Franklin Graham som fann stad i byen. Det vart sterke inntrykk. Den store Riga Arena, som kan romme 14000 menneske, var full til randen kvar einaste kveld. I løpet av helga var det over 3000 menneske som gav livet sitt til Jesus. Då invitasjonen vart gitt, i slutten av møta, strøymde folk fram til den store, opne plassen ved scena. Folk stod som sild i tønne der framme og nedover i midtgangane. 

n

Yugis, ein lokal prest som har deltidsstilling som sementarbeidar, hadde fått med seg fire ikkje kristne arbeidskollegaer på møte om laurdagskvelden. Alle hadde opplevd store kriser i livet. Den eine var tidlegare straffedømd, ein hadde opplevd katastrofen i Tsjernobyl, ein var alkoholikar og ein hadde vore i Afghanistan. På veg til møte i Riga Arena var alle fire så nervøse at dei måtte stoppe for å kjøpe alkohol for å roe nervane. Men Yugis oppmuntra dei til heller å søkje krafta i Den Heilage Ande og finne håp for livet. Alle fire gjekk fram og tok imot Jesus for første gang i livet sitt. 

n

Ei unge kvinne, som heiter Erena, gav livet sitt til Jesus fordi ho var desperat etter forandring. Etter å ha mista foreldreretten til to av sine tre born, var ho så fortvila at ho ikkje visste kvar ho skulle gå og søkje hjelp. Ho fann vegen til Riga Arena på laurdag. ”I kveld følte eg at Jesus Kristus kom over heile kroppen min med ein veldig fred. Eg veit at eg enno har mange store problem og utfordringar, men eg har fått HÅP, og eg veit no at Gud kan hjelpe meg,” var hennar vitnesbyrd.

n

På laurdagskvelden var det så mykje folk til stades at mange ikkje kom inn i hallen. Dei måtte snu og gå heim, eller dei stod rundt omkring ute i inngangshallane og såg møtet overført på monitorar. På slutten av kvelden kom festivalsjefen, Peteris Sprogis, med følgjande utsegn: ”Vår arena her i Riga er altfor stor for dei fleste rockeband, akkurat passeleg for ishockey, men alt for liten for HÅP!” 

n

Utan håp er det vanskeleg å leve. Då sloknar livsgnisten. Jesus er menneska sitt håp. Det fekk vi tydeleg sjå i Riga sist helg. Her gjekk folk bokstaveleg tala frå død til liv, frå håpløyse til håp, i løpet av nokre få avgjerande kveldstimar, der evangeliet om Jesus Kristus vart forkynt klart og tydeleg til omvending og tru.

n

Det var spesielt å sitje der, fire norske turistar, på helgetur for å oppleve ei fri-helg saman. Undrande fekk vi sitje og sjå bundne menneske bli sett fri ved å ta imot Jesus Kristus i tru. Medan eg sat der og såg folkevandringa mot ein ny fridom, gjekk tankane mine til det som skjedde første pinsedag i Jerusalem, også den gongen leia av ein festivalsjef med namn Peter, og det slo meg at det som skjedde der hadde enorme dimensjonar: ”Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden. Dei held trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene.” (Apgj. 2, 41 – 42)

n

Fridom vart røyndom. Eit nytt liv og ein ny livsstil tok til. For tre tusen menneske, på ein dag, i Jerusalem for snart 2000 år sidan, og for tre tusen menneske i Riga, på ei helg i november 2010. Skulle gjerne ha opplevd Jerusalem, men er takksam og lukkeleg over at eg fekk oppleve Riga…

n

GOD HELG!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *