Veke 48

Gleda er målet!

n

Det er mange omstende og hendingar her i verda som kan ta frå meg den barnlege gleda over å vere ein frelst syndar og eit Guds barn. Det veit alle som har levd her på jorda ei stund. 

n

Maria var ikkje så gammal jente, kanskje 14 — 15 år, då ho fekk melding om at ho skulle bli mamma. Nokså upassande tidspunkt å bli gravid, særleg når ho ikkje hadde vore saman med mannen som ho var trulova med. Det må ha vore nokre store omkostningar og tunge tak å bera for Maria i denne situasjonen, reint menneskeleg sett. Ein liten parentes til vår tid: I dag skal born helst vera nøye planlagd, og dei skal innfinna seg på eit tidspunkt i livet når det passer best for foreldra.

n

Jesu fødsel var nøye planlagd. Ikkje av Maria og Josef. Men av Gud. Maria fekk melding om den ufrivillige graviditeten via ein engel. Og ho tok imot bodskapen, og gav si tilslutning med orda “Eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.” Skulle tru om ikkje Maria der og då forstod at dette kom til å skapa omveltingar i livet hennar? Ville Josef akseptera situasjonen? Kom ho til å bli utstøytt av familien og av samfunnet? Korleis skulle ho, som enno berre var ei ung jente, klare dette store oppdraget? Spørsmåla var heilt sikkert mange, men Maria syner her ei avgjerande viktig side ved gudstrua si: Ho gav seg ikkje over til redsle for dei mange store og vanskelege spørsmåla som denne situasjonen kunne føra til. Ho gav seg derimot heilt og fullt over til Gud, i full tillit og sikker tru på at Han hadde kontroll og ville føra henne gjennom alle vanskelege omstende og situasjonar.

n

Så sterk var trua hennar på Gud, at all angst og frykt måtte vika for jubel og glede. Og ho samlar i grunn alle menneske og alle livssituasjonar, til alle tider, i ein universell og profetisk lovsong når ho lar gleda få utrykkja seg på følgjande måte: “Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg over Gud, min frelsar!” (Luk. 1, 46 — 47) Ho såg forbi problema, vanskane og omkostningane. Ho såg målet! Og målet var glede! Frelsesglede!

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *