Veke 50

Vi treng ein frelsar.

n

Det skal ekspertar til på alle områder i vår tid. Før kunne ein person brukast til så mangt, også i jobbsamanheng. I dag er det spisskompetanse på dei fleste områder innan arbeidslivet. 

n

Eg snakka med ein god ven i dag om forskjellige ting. I samtalen kom vi inn på spørsmålet om kvifor Gud sende ein person med spesialkompetanse på frelse. Hadde problemet vore pengar, ville Gud mest truleg sendt ein økonom. Eller kanskje han heller burde sendt ein rådgivar? Men han sendte altså ein frelsar. Kvifor? Fordi vi alle desperat treng tilgjeving. Mennesket treng tilgjeving, og Jesus har spesialkompetansen. Han gir oss denne største gåva av alle, tilgjeving for våre synder. Samfunn med Gud er innan rekkevidde. Tilgjeving vert gitt oss, heilt gratis, ved å ta imot Frelsaren i tru.

n

”I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.” Slik vart bodskapen proklamert av engelen den første julenatt i Betlehem. Seinare har orda blitt utdjupa og proklamert av apostlar og evangelistar, vismenn og lærarar, etter alle kunstens reglar, i håp om at flest muleg menneske skulle forstå innhaldet i den glade, gode bodskapen. 

n

Ein av desse, apostelen Peter, uttrykkjer seg slik om frelsaren Jesus: ”Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved.” (Apgj. 4, 12)

n

Gud såg at menneske sitt største og kollektive behov var frelse, og han sendte ein frelsar! Takk og lov, og Gud vere lova!

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *