Veke 52

Gårsdagen er forbi. Morgondagen har ingen sett. I dag hjelper Herren!

n

Godt nytt år! Eller, god ny dag! For det er slik livet fungerer. Vi får leve ein dag om gangen. Og vi får leggje dagen i dag, og dei dagar som måtte komme, i Herrens hender. Vi stoler på Han, også ved inngangen til det nye året. Stoler på nåden som dekker året som er omme. Og vi stoler på hjelp og kraft til å leve i dagen som vi opplever kvar dag vi vaknar til ein ny dag. Og i dag er det ein ny dag i eit nytt år. Her, i denne dagen, er Guds nåde. Her er Guds kraft. Her er Guds kvilande nærvere. Her får vi glede oss over alt det flotte og gode i livet, og her får vi gråte over det som er tungt og vanskeleg. 

n

I di hand er mine tider, eg er alltid trygg hjå deg. Du som kjenner mine tankar, kjenner og min framtidsveg. Ingen ting meg riva kan or di sterke frelsarhand.

I di omsorg får eg kvila, du skal vakta meg så vel. Om min lekam går til grunne tek du vare på mi sjel. Ingen ting kan skada meg når eg Jesus er hjå deg.

Du har sigra over døden, du har opna Himlens port. Når di hand er utrekt, Herre, kven kan venda henne bort. Jesus alt til evig tid held du fast kring handa mi. (I di hand — Haldis Reigstad)

n

Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller ‘Kva skal vi drikka?’ eller ‘Kva skal vi kle oss med?’ For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde. (Matt. 6, 25 – 34)

n

God helg! Og godt nytt år!

n

Arve Reigstad

n

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *