Veke 1

Herre, lær meg din veg!

n

Alle menneske set spor etter seg. Livet vi lever kan sporast. Kvar var du på ferie sist sommar? Visakort, kredittkort, mobiltelefon m.m. legg igjen informasjon om kvar du har vore, kvar du har brukt pengar og kven du  har ringt og sendt meldingar til. I tillegg kan tusenvis av kamera dokumentera kvar du har vore til ei kvar tid, når du ferdast i det offentlege rom rundt omkring i verda. Og sjølv om du skulle gå klar alt dette, finst det visst nok satellittar som kan spore deg når du ferdast ute i fri natur under open himmel.

n

Vi går mot den fyrste helga i 2011. Vi har levd den eine av femtito veker i det nye året. Kva spor vil eg setja etter meg dette året? Kva retning skal livet mitt ta? Kva skal eg gi plass til, og kva skal eg velja bort? Kvar går livsvegen min vidare? 

n

“Sjef i eget liv” har vi kalla seminaret som vi inviterer til tysdag 18. januar. Her vil vi fokusere på kva vi gir plass til i kvardagen vår, kva som styrer livet, og korleis vi prioriterer tid og krefter. Eit høgaktuelt tema for moderne menneske med livslyst, store draumar og ingen grenser for livsutfalding, nesten kvar helst det skulle vera her på jorda. Kvar går vegen vidare for deg?

n

Ordet som eg vil minna om i denne samanhengen er henta frå Salmane. “Ei bøn av David” er overskrifta på salmen, og denne bøna passer godt når vi spinn rundt slike tankar. “Herre, lær meg din veg, så eg kan ferdast i di sanning!” (Salme 86, 11) Mykje visdom kan loddast her. Eg veit ikkje om livet var enklare og mindre komplisert på den tida David levde. Men dette kan vi vel våge å påstå: Verda har vorte mindre, radiusen for livsutfalding større, og talet på mogelege vegval har auka. Bøna om vegleiing og kunnskap om Herrens veg for ditt og mitt liv skulle slik sett vere minst like aktuell for oss i år 2011. Vi treng det.

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *