Veke 2

Å byggje ein disippelkultur

n

Enkelte prosjekt er livslange. Innhaldet i overskrifta på denne helgehelsinga er nok av dette slaget. Det er ambisiøse ord, og eit stort tema for eit semester. Tar vi utfordringa? Ønskjer vi å bli utfordra? Og våger vi å utfordre andre og kvarandre? 

n

Vi menneske treng utfordringar for å bløme og utvikle oss. Vi treng å strekkje oss etter nye mål og vi treng å arbeide på oss sjølv for å kjenne at vi lever i ein heilskap. Men vi treng ikkje berre utfordringar. Vi treng å leve i ballanse mellom utfordring og invitasjon. Dersom vi berre fekk utfordringar, ville vi etter kvart misse motet og gå lei. Det er svært viktig å skape ein kultur der vi kjenner oss velkommen i fellesskapet, og der vi blir invitert inn, får støtte, og blir tatt i mot og godtatt, slik vi er. Vi må sleppe å bere vekta av at vi aldri er gode nok, og at vi alltid må forandre oss til noko anna enn det vi er. Det skaper utryggleik og mismot.

n

Korleis kan vi finne den rette ballansen mellom utfordring og invitasjon? Dette vil alltid vere eit viktig spørsmål for eit fellesskap som skal stå saman i oppdraget om å bringe evangeliet om Guds rike fram i samfunnet og ut i verda. Og når eit fellesskap skal prøve å byggje ein disippelkultur, må det leggjast nokre grunnverdiar i botn av eit slikt byggverk. Alle menneske er verdifulle. Alle er elska. Alle er vi ulike, og alle er vi skapt i Guds bilete. Alle kan bli med. Ingen treng å stå utanfor. Slike verdiar må vi minne kvarandre ofte om.

n

Jesus kalla menneske til å følgje seg. Han inviterte disiplane inn i livet sitt, delte det gode livet med dei, og han utfordra dei, av og til langt utover deira eigne grenser, evner og kapasitet. Jesus var ein meister i å byggje ein disippelkultur. Han tok ansvar og han viste omsorg for disiplane. Men han gav også opplæring, utfordringar og oppgåver, slik at disiplane sjølv kunne vise omsorg, ta ansvar og utfordre andre. Slik lærde han dei at det går an å vera både “sau” og hyrding på same tid. Vi er sjølv etterfølgjarar og vi har nokon bak oss som er våre etterfølgjarar. Vi prøver gjerne å etterlikne personar vi ser opp til som forbilde, og kanskje er vi sjølv forbilde for andre? 

n

Paulus har sjølvsagt nokre gullkorn i denne samanhengen også. Her er eit av dei: Etterlikna meg slik eg etterliknar Kristus! (Bokmål: Ha meg til forbilde slik jeg har Kristus til forbilde!) 1. Kor. 11, 1

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *