Veke 4

Nytt mot!

n

Paulus har skrive mange av breva i Det nye testamentet. Eit av desse er brevet til Romarane. Paulus var stadig på farten i oppdrag for evangeliet. Han reiste frå plass til plass og planta nye fellesskap og besøkte etablerte kyrkjelydar. Og når han ikkje fysisk, i eigen person, kunne vere til stades alle plasser til ei kvar tid, var løysinga å sende brev. Hensikta med breva var sjølvsagt å undervise dei truande i kristne sanningar og i viktige prinsipp for disippellivet. Svært ofte er den grunnleggjande tonen i breva omsorg , støtte og oppmuntring. 

n

Paulus er tydeleg på at trua på Jesus er eit sameige for alle kristne. Trua er noko som dei kristne eig i lag. Trua bind kristne saman som søsken, og den er ei felles sak for alle som følgjer Vegen. I tider med sterk vektlegging på individualistisk livsstil og personleg framgang, står dei truande i fare for å gjere trua privat. Ei slik oppfatning er stikk i strid med Det nye testamentet sine ideal om fellesskap og samhandling. Det er i det kristne fellesskapet at trua får næring og styrke, og det er i den samhandlande disippelflokken at Den Heilage Ande får verke med sine gåver til kraft, oppmuntring og nytt mot. Den skriftlege overleveringa kan utrette mykje, men den kan ikkje erstatte det personlege nærværet av Anden i fellesskapet. Når kristne kjem saman og deler fellesskap, er Den Heilage Ande heilt konkret til stades med alle sine gåver. 

n

Dette skulle vere til ettertanke for oss kristne i dag, som i sterk grad kommuniserer frå e‑post til e‑post, frå kontor til kontor, frå telefon til telefon. Vi sit i våre private soner og kommuniserer via tekniske medium. Slik blir vi ein del av samfunnet si privatisering, i lukka heimar og lukka rom, heimar som ut frå kristen tradisjon og tenking skulle vere opne og gjestfrie for andre enn dei som bur der fast. Utan å vite det, gjer vi oss på denne måten ekstra sårbare for mismot og depresjon, og vi tar frå kvarandre styrken i fellesskapet og Andens virke med kraft, glede og nytt mot. 

n

Dette får vere mine bakgrunnstankar til Paulus sine ord inn mot ei ny helg. ”For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk ei Andens gåve for å styrkja dykk. Eller rettare sagt: Saman skal vi, både eg og de, få nytt mot ved den trua som vi eig i lag.” (Rom. 1, 11 – 12) 

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *