Veke 8

Kva har vi i huset?

n

Eit norsk gull, og eit svensk gull. Det er status etter første konkurransedag i VM i Holmenkollen. Det er på ein måte litt som forventa. No må eg skunde meg å seie at det sjølvsagt er mange nasjonar som kjemper om medaljane, men langrenn er tradisjonelt ei idrettsgrein med store nordiske sigerstradisjonar. Det er forventa at Noreg og Sverige skal vere heilt der framme i gullkampen. 

n

Kven er med på laget? Kven representerer nasjonen? Kva har vi i huset? Dette er viktige spørsmål som vert stilt ved eit VM-uttak. Alle ønskjer å stille med det beste mannskapet. Det store målet er å kunne stille med eit vinnarlag. 

n

I arbeidet rundt omkring i forsamlingar, kristne lag og organisasjonar skal vi vere flinke til å verdsetje dei gåvene vi har og dei menneska som er med på laget. Vi må i mindre grad fokusere på kven som skulle vore med og kva gåver vi skulle hatt. Vi kan faktisk verdsetje det laget vi har, og gjere kvarandre gode! Vi kan skape fantastiske ting saman, med dei ressursar og folk som vi faktisk har!

n

I konkurransesamfunnet dyrkar ein fram einarane og vinnarane. Det er alltid spørsmål om å bli betre, og ei evig jakt på nye framsteg, metodar og talentar. I den kristne familien, det kristne fellesskapet, må vi våge å tenkje litt motsett av dette. Vi må vere flinke til å heie på kvarandre og verdsetje kvarandre som gode medspelarar og verdifulle einskildmenneske, kvar einaste ein! Kva har vi i huset? Kva har vi i fellesskapet? Kven har vi med på laget? Kva gåver har vi fått til å forvalte i lag? 

n

Eg ønskjer meg eit frimodig kristent fellesskap, som oppmuntrar kvarandre til å gi av det kvar einskild har fått. Gi det til kvarandre! Du er ei gåve til fellesskapet. Eg er ei gåve til fellesskapet. Han og ho er ei gåve til fellesskapet. Vi er gitt til kvarandre! Eit fellesskap med mykje mindre fokus på kva vi manglar, men dess større fokus på kva vi faktisk har. Då kan vi saman leggje forholda til rette for å skape eit vinnarlag. Med slike haldningar får Gud armslag med sine krefter midt iblant oss. Det er Han som har gitt gåvene, og det er Han som utrustar kvar einaste ein av oss. 

n

Nådegåvene er ulike, men Anden er den same. Tenestene er ulike, men Herren er den same. Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle. Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode.

n

Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil.

n

Men de er Kristi kropp, og kvar av dykk ein lem på han.

n

Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.

n

(Ord I Bibelen av Paulus)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *