Veke 11

Makt og tilbeding.

n

Vi er inne i fastetida. Det minner meg om Jesus, og hans fastetid på 40 dager i audemarka. Fastetida var ikkje berre å avstå frå mat og drikke. Fastetid var og førebuing til det store slaget, den avgjerande kampen mellom det gode og det vonde. Kampen om frelse og fortaping, for menneskeslekta. Og Jesus trengte å førebu seg. Det gjorde han åleine, i audemarka. 

n

Det vil sei: Gud var til stades, og fienden – den vonde – var til stades. Og fienden hadde ei stemme, han hadde både talerett og påvirkningskraft. Han talte med overbevisning, og han var på leit etter dei svake punkta i menneskenaturen. Men Jesus parerte angrepa med Guds stemme, med Guds ord. Og heldigvis fekk Gud siste ordet. Jesus gjekk sigrande ut av freistinga og møtet med den vonde. 

n

Vi kan trekkje oss tilbake. Vi kan søkje stillhet og einsemd. Og vi kan flykte frå folk, kav og mas. Men vi kan ikkje flykte frå den indre kampen. Kampen mellom det vonde og det gode. Den står vi midt oppe i, kvar dag. Og vi kan velje våpen. Jesus valgte det beste våpen ein kan tenkje seg, Guds ord. Slik skulle han vere eit døme for oss. Guds ord kan parere alle angrep frå den vonde. 

n

Den vonde ønskte framfor alt å få tilbeding. Han visste at tilbedinga var ubegrensa tilgang til makt. Og her står eigentleg kampen for alle. All avhengighet er i røynda tilbeding. Det eg er avhengig av har makt inn i livet mitt. Det som eg dyrkar kan bli opium. Derfor er Jesu siste ordveksling til ettertanke for meg i mitt liv i dag. Kva er det eg tilber? Kva er det eg gir makt i livet mitt? Kven er det eg tener?

n

Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena. (Matt. 4, 10) 

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *