Veke 14

Bøn er nøkkelen.

n

Bøn er nøkkelen til vekst, vekking og velsigning. Det er påstanden frå medlemmer av bønneteamet i Norkirken Nordhordland. Og det er nok meir sanning i desse orda enn mange anar. Men vi har nok lagt merke til det, og vi veit det av erfaring: Bøn kan forandre alt. Bøn er eit mektig våpen. Bøn kan utrette langt meir enn det vi kan våge å drøyme om. 

n

Trua på bøn handlar ikkje berre om erfaringane våre. Resultatorientert bøn er djupt forankra i Bibelen. Vi finn ord om bøn overalt. Bøn er ein kjerneaktivitet i Bibelen. Bøn er sjølve pulsslaga i kristenlivet. Trua på at Gud høyrer og svarer på bøner er ei grunnleggjande tillitsak i Guds ord. Det er mange vitnesbyrd i Bibelen om dette. 

n

Jesus ba mykje sjølv. Og han knytte mange løfter til det å søkje Gud i bøn. Han oppfordra disiplane sine til å be. Ja, ein gong snakka han om at dei støtt skulle be og ikkje gje opp. For Gud ville hjelpa, han ville svara og han ville løna den som ba. Etter at Jesus hadde lært disiplane å be ”Fader vår”, utdjupa han tema om bøn på følgjande måte: 

n

”Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, eller ein orm når han bed om fisk? Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!” (Matt. 7, 7 – 11)

n

Skal vi våge å tru at det gjeld oss i dag og? Og i tilfelle, får det konsekvensar for prioritert bønetid i liva våre?

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *