Veke 15

Påsketankar.

n

Jesu død og oppstode er sentrum i den kristne trua. Jesus gav livet sitt for at vi skulle få liv; evig liv. 

n

Mennesket sitt største problem er synd. Alle menneske har synda. Synda gjer oss ureine, den skaper ufridom og den skil oss frå fellesskap med Gud. Kven kan då fri oss frå synda, ureinskapen, skulda og fangenskapet?

n

Påskebodskapen til oss er at Jesus har ordna dette. Utan at vi har fortent det, vert vi sagt rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus. Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vere eit sonoffer – for dei som trur. (Rom. 3, 24 – 25) 

n

Vi har fire gode illustrasjonar på kva Jesu død på korset gjer for oss. Tempelet, torget, rettsalen og heimen. Tempelet minner oss om at Jesus vart ofra som sonoffer for våre synder. Jesu blod er det fullkomne offer for synd, ein gong for alle. Torget minner oss om at Jesus har løyst oss ut. Han har kjøpt oss fri frå synd og straff med sitt eige liv. Rettsalen minner oss om at vi ufortent vert erklært rettferdige. Straffa er sona av Jesus. Vi er frikjent. Heimen minner oss om at skilje mellom Gud og menneske er tatt bort. Vi får vere born i Guds familie. Vi har fått barnekår hos Gud vår far, og fellesskapet med han er gjenoppretta. 

n

Den tomme grava er nøkkelen til Guds kraft midt iblant oss. Jesus stod opp og han lever i dag. Han stadfester sitt verk på korset med sitt liv og si oppstode. Krafta i oppstoda vert gjeldande i våre liv ved trua på Jesus. Ein dag skal vi erfare denne krafta fullt ut, og vi får ta del i hans oppstode i ei oppstode frå dei døde og til eit evig liv. 

n

”Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig. Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen, over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande. Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle.” (Ef. 1, 18 – 23)

n

God påske!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *