Veke 21

Det kristne vitnesbyrdet.

n

Det kristne vitnesbyrdet er eigentleg dette: Å peike på Jesus. Vi tenkjer gjerne at det må spesielle opplevingar til for å kunne vitne. Og det er alltid oppmuntrande å høyre folk fortelje om hendingar og ting dei har opplevd med Gud. Det kan styrkje trua på at Gud er nær i kvardagslivet. 

n

Det kristne vitnesbyrdet har likevel dette eine klare målet: Å peike på Jesus. Døyparen Johannes er eit godt døme på dette. Folk kom til Johannes og ville vite kven han var. Johannes hadde både det mystiske, det kraftfulle og det profetiske i seg. Han kunne visst ha utnytta situasjonen, og sett peikefingeren mot eige bryst og sin eigen person. Men i møte med folk si interesse for døyparen og personen Johannes, veik han unna, og i staden prøvde han å dreia samtalen og folket sitt fokus over på ein annan person; Jesus. 

n

Høgdepunktet for Johannes er den dagen han ser Jesus koma mot seg, og han bryt ut: ”Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! Han er Guds Son.” (Joh. 1, 29 og 34)

n

Johannes fekk folk til å vende fokus mot ein person som var større enn han sjølv. Han gav Jesus plassen i rampelyset. Han steig sjølv til sides, og fremja Jesu person og Jesu handling. For han visste at det var Jesus som var nøkkelen til fridom og frelse. Det var Jesus som kunne forandre liv og situasjonar frå håpløyse til framtid og von. 

n

Det er ikkje trua på oss sjølv som er drivkrafta i våre vitnesbyrd som kristne i dag heller. Det er trua på Jesus. Det er trua på Han som gjer at vi med frimot kan anbefala kristenlivet til andre menneske. For Han er den same i dag som då. Han er den beste venen eit menneske kan ha. Han bar bort synda for alle, og Han er Guds Son.

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *