Veke 24

Engasjert trusliv

n

Eg lengtar etter meir engasjert trusliv. Lengtar etter å sjå brennande menneske som lever for Gud og for andre. Eg lengtar etter dette hos meg sjølv og hos andre. Og når eg møter engasjert trusliv i ulike former, hos menneske som lever i det, blir eg vekt. Og når eg sjølv lever i det, tenner eg lengten i andre. Her er ein nøkkel: Når eg blir avhengig av å få av Gud for å ha noko å gi vidare til andre, skjer det ei fornying i meg. Eg må inn til kjelda og til energien. Her inne, i samfunn med Gud, finn eg ei kjelde av levande vatn og eit bål av varme. Eg får drikke til oppkvikking for ei ånd som har gått tørr, og eg finn varmeenergi for eit hjarta som har vorte kjølig. 

n

Akkurat i dag er det meir freistande å snakka om varme og hete enn om friskt, kaldt vatn. (Vi har hatt rikeleg av det siste ein lang periode. 🙂 Likevel, vatnet er livsnødvendig og kjærkomme, og vi klarer oss ikkje utan det ein einaste dag.

n

Ordet for sommaren 2011 skal vere dette, og det gjelder for både kvinner og menn: ”Velsigna er den mann som lit på Herren og set si von til han. Han er lik eit tre som er planta attmed vatn og tøyer røtene bort åt ein bekk. Det reddast ikkje når heten kjem, men står der med lauvet grønt. Det sturer ikkje i turketider og held ikkje opp med å bera frukt.” (Jer. 17, 7 — 8)

n

God helg!

n

Arve Reigstad

n

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *