Veke 36

Utan opphald.

n

Vi kan aldri slutte med det. Vi treng ikkje stanse med det. Vi må aldri tenkje at no er det nok, og no må vi gjere andre ting. Ting som er viktigare. Og vi må aldri sjå på det som ein aktivitet, på linje med andre aktivitetar. Denne aktiviteten er ikkje som andre aktivitetar. Du kan til dømes samanlikne det med å puste. Vi seier ikkje at å puste er ein aktivitet som tar for mykje tid. Eller at vi må prøve å redusere pustefrekvensen fordi vi må spare oksygen. Sluttar vi å puste dør vi fysisk. Slik er det med dette andre også. Dersom vi sluttar med det, så dør vi åndeleg. Det handlar om bøna. 

n

Be uavlatande. Be utan stans. Be utan opphald. Dei aller fleste ting kan det bli for mykje av. Alle ting kan bli misbruk. Bortsett frå oksygen. Det er totalt livgjevande, heile tida. Vi klarer ikkje å misbruke oksygen. Bøn er oksygen for det andelege livet. Bøn er totalt livgjevande. Bøn er livsnerven mellom Gud og meg. I bøna finn eg livssamfunn med Skaparen. Han ber meg puste dette livgivande oksygen inn i ånda mi.  Det skjer i bøna. Frå ande til ande. Andedrettet til ein kristen er bøna. 

n

Jesus: ”Han fortalde dei ei likning om at dei støtt skulle be og ikkje gi opp.” (Luk. 18, 1)
Paulus: ”Be uavlateleg!” (1. Tess. 5, 17)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *