Veke 40

Kjærleiken – Guds signatur 

n

Nesten heilt til slutt i Bibelen finn vi tre brev  som er signert av kjærleikens apostel, Johannes. Her finn vi noko av det vakraste som er sagt om kjærleiken. Johannes lærer oss at Gud er ein kjærleg Gud, ein Gud som ønskjer oss menneske det beste. Kjærleiken har sitt utgangspunkt i Gud, og han viser den tydeleg til oss gjennom Jesu liv her på jorda. Og Jesu liv lever vidare på jorda i dag gjennom alle som trur på han og lar denne kjærleiken vere drivkrafta i livet. 

n

Johannes lærer oss at kjærleiken er Guds signatur. Her er nokre sitat frå det første brevet hans:

n

”Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.” 

n

”Sjå kor stor kjærleik Faderen har synt oss: Vi skal kallast Guds born. Og det er vi.”

n

”Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss.”

n

”For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.”

n

”Gud er kjærleik.”

n

”Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han.”

n

God helg!

n

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *