Veke 45

Ei ny og levande veg.
n

I lengre tid har det vore arbeida på ny veg her på øya vår. Tidlegare, og fram til no, har det vore med livet som innsats å gå langs den mørke og farefulle vegen. Men no står den nye vegen ferdig, og med den breiaste og flottast opplyste gangvegen du kan tenkje deg.  Det er ei sann gled å ta seg ein tur til fots langs den nye vegen. Og ein kan kjenne seg heilt trygg. 

n

I Hebrearane 10 kan vi lese om ein ny og herleg veg. Det er ein åndeleg veg som går heilt inn i heilagdomen hos Gud. Denne vegen fører til frelse, og den er blitt til med livet som innsats. Jesus gav livet sitt for å fullføre ein veg til frelse for kvar den som trur. Det er ein veg som har kosta blod, og Jesus er sjølve vegen. 

n

Så har vi då, sysken, frimod ved Jesu blod til å gå inn i heilagdomen, dit han har innvigd ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, som er kroppen hans. (Hebr. 10, 19 – 20)

n

Dette skulle gi oss stort frimod. Ein ny og levande veg er opna for alle. Alle kan ta den i bruk. Den er tilrettelagd for vanlege, syndige menneske. Og den er tilrettelagd for å brukast. Men ein må altså gå den sjølv for å oppleve den.  Ikkje berre høyre om den. Ein må bruke den, kvar einskild. Då vil ein sjå og erfare at det er ein fantastisk veg. Og den fører dit den lover. 

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *