Veke 46

Har vi nok med oss sjølv?
n

Eg tar meg ofte i dette: At tankane mine så ofte konsentrerer seg om meg sjølv, mitt liv, det eg skal gjera og det som er mine behov. Eg har så ofte meir enn nok med meg sjølv. 

n

Søndag 13. november minner meg om at eg har svært mange sysken i trua som har det svært tøft i kvardagen sin. Og dei treng omtanke og forbøn frå meg. Og eg treng å bli minna på kor godt eg eigentleg har det i min eigen kvardag. 

n

”Søndag for dei forfølgde” er ein internasjonal solidaritetsdag. Denne dagen står kristne i land over heile verda saman i bøn for sysken i trua som betaler ein særleg høg pris for trua si. I Norkirken vil vi markere denne dagen under storsamlinga på søndag 20. november. 

n

Vi skulle gjere dette oftare, og ikkje berre ein gong i året. Vi kan godt gjere det til ei dagleg bøn, å tenkje på, og be for dei som vert forfølgde. 

n

Jesus minner oss om at forfølging er ein del av omkostningane når eit menneske vil vera ein etterfølgjar av Han: Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira. Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.” (Matt. 5, 11 – 12)

n

Denne helga ber vi for alle som vert forfølgde for trua si.

n

God helg!

n

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *