Veke 48

Å tale sant om livet

n

I helga var eg på besøk i ei frikyrkje på Sørlandet. Det var flotte kveldsmøte og ei nydeleg gudsteneste på søndagen. Noko av det som gjorde inntrykk denne helga var den nære forkynninga om å tale sant om livet. Ei moden og sann tru talar sant om livet slik det er. Også det vanskelege og smertefulle. 

n

Dei aller fleste menneske har to store sekkar på ryggen som dei drar på og slit med. Den eine sekken heiter ”fortid.” I denne sekken ligg plager og vonde minner frå fortida, også uoppgjorte ting i livet. Hendingar som skulle vore ugjort og annleis. Det andre sekken heiter ”framtid.” I den ligg bekymring og uro for framtida. Uro for det som ein ikkje kan kontrollere og styre sjølv. Alt det som i verste fall kan hende oss. 

n

Det er viktig at vi våger å tale sant om livet. At vi våger å dele dei vonde tinga med kvarandre og søkje hjelp for det som opptar oss i tankane og det vi går rundt og bekymrar oss for. Vi må ikkje fornekte livet slik det kjennest. Og nettopp i kristne miljø burde det vere rom for å snakke om alt, både fortid og framtid. 

n

Fortida kan lukkast med ei dør som ber namnet NÅDE. Den gjeld for alle menneske. Vi må lære menneske at det finst ein veg ut av fortida som heiter oppgjer, sanning og nåde. Og vi har fått ansvar for å forvalte sanninga og nåden. Gi den vidare til menneske som sit fast i fortida. 

n

Framtida kan overlatast i Guds hender og i hans gode omsorg. Han har lova å ta hand om framtida vår, men han gir oss styrke og ro for dagen i dag. Vi må lære oss å kvile i Faderleg omsorg og kjærleik, og ta imot den kraft han gir for å leve dagen i dag. 

n

Gårsdagen er forbi. Morgondagen har ingen sett. Men i dag hjelper Herren!

n

”Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.” (Matt. 6, 34)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *