Veke 50

Det er mykje å gle seg over. Mellom anna gler vi oss over det vi fekk vere med på sist helg. Vi fekk ein super ”Barnas dag” på laurdag. Alt gjekk fint, og borna gledde seg over alt dei fekk oppleve og vere med på i Meland Aktiv. Eg trur det var ein del vaksne som og fekk fram noko av barnet i seg gjennom leiken i hallen denne dagen.

n

Latter og glede gjer godt for sjel og sinn. Vi kjenner kor godt det er når latteren sit laust, og leiken går livleg for seg. Born, unge og vaksne kjenner på fellesskap og livsglede i slike stunder. 

n

Takk til alle dykk fantastiske medarbeidarar som gjorde ”Barnas dag” muleg! De gjorde ein kjempeinnsats! Og takk for trygg tilrettelegging og god sikring av alle aktivitetar. Håper de alle kjenner på ei glede over å få gjere dette saman med kvarandre i fellesskapet. Og takk til Gud, han som gler seg saman med oss! 

n

Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus. (Fil. 4, 4 – 7)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *