Veke 51

Barnet i krubba.

n

Så er tida komen. Vi feirer jul. Vi gler oss over alt som er godt i livet. Og vi hyller barnet i krubba. Jesus, verda sin frelser, lever midt iblant oss; i songane, i symbola, i Ordet og i våre indre rom. På ny kjem han til oss med bod om glede. La oss gi han husrom, ja la han få god plass når vi no samlast til feiring og fest!

n

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt
og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.
Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!»

n

(Luk. 2, 1 – 14)

n

GOD JUL!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *