Veke 2

Kva har du i handa?

n

Det er ei forteljing i Det gamle testamentet som vi kan lære noko av i åndskampen. Moses hadde fått eit åndeleg våpen av Gud, eit våpen som han alltid bar med seg. Vi kan lese om at han brukte dette våpenet ved fleire høve. Ein gong var då eit folk, amalekittane, gjekk til kamp mot israelittane. Vi kan lese forteljinga i 2. Mosebok kapittel 17. 

n

Våpenet som Moses hadde fått til å bruke var ein høgst allminneleg stav. Ein slik som alle gjetarar i Israel var utrusta med. Sjølvlaga og ufullkomen. I seg sjølv lite imponerande og særdeles lite avskrekkande som våpen i ein krig. Men det var ei skjult kraft knytt til denne staven. Gud hadde velsigna staven med ei særskild kraft som vart verksam når han låg i hendene til Moses. 

n

Herren sa til Moses: ”Kva har du i handa?” ”Ein stav,” svara Moses. (2. Mos. 4, 2)

n

Moses hadde fått instruksjonar frå Gud og hadde lært å bruke staven, og han visste at krafta frå Gud kom og var verksam når han hadde staven i hand si. Difor gjorde Moses noko nokså uventa i krigen mot amalekittane. I staden for å gå aktivt med i kampen saman med mennene sine, gjekk han opp i høgda og løfta staven opp i lufta, som ei påminning til Gud om å sende kraft. Og på grunn av staven i dei løfta hendene til Moses vann folket siger den dagen.

n

Kan Moses og staven lære oss noko? Kan vi overføre noko av dette til vår tid? 

n

Eg trur det er ei sanning at Gud bruker det vi har i hendene våre. I overført tyding: Nådegåvene. Han legg si kraft inn i nådegåvene, og vi kan erfare siger i åndskampen når vi aktivt bruker gåvene som er gitt oss. Lovsong og bøn er nokre av dei kraftigaste våpen vi har fått. Og når vi løfter hendene i bøn og lovsong, er det ei vidareført handling av Guds stav i Moses sine hender. For Gud er enno å rekne med.

n

”Lat ikkje hendene siga! Herren din Gud er hos deg, ein helt som frelser. Han gleder og frydar seg over deg, viser deg atter sin kjærleik.” (Sefanja 3, 16 – 17) 

n

God helg!

n

n

n

n

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *