Veke 6

Nåde og sanning.

n

Det kan vere vanskeleg å skjøne samanhengen mellom nåde og sanning. Vi kan lett falle i den grøfta å tru at nåde er å skyva feila og syndene våre under teppet, slik at dei ikkje vert oppdaga. Men å skyve noko under teppet er eigentleg å skyve noko inn i mørkret. Og dette er ikkje vegen til fridom. Det er løgna sin veg, og den bind menneske fast og tappar ut livsgleda. 

n

Jesus utfordra alle han møtte med livssanning. Han tala sant om livet. Han utfordra dei mørke felta, det som var ”skyvd inn under teppet,” i folk sine liv. Han kalla dei mørke områda fram i lyset. Indre sår og smerte, skam over synd i livet, knuste draumar om eit plettfritt liv. Jesus tok sanninga om folk sitt liv fram i lyset. Og der; når løgna blei avslørt, når sanninga kom for ein dag og vart erkjent, når augo vart slått skamfulle ned og dommen kunne avseiast, då skjedde miraklet: Eit kjærleg blikk og milde ord forkynte:  ”Du er tilgitt! Gå bort og synd ikkje meir.”

n

Kvifor gjorde Jesus dette? Kunne han ikkje gått for ei raskare og meir smertefri løysing? Han kunne vel ha hoppa over sanninga og gått rett på nåden?

n

Det er ein viktig løyndom å oppdage at nåden og sanninga alltid går hand i hand. Jesus demonstrerte dette. Vegen til fridom har to parallellspor, og livsglede får gode livskår når livet balanserer på begge desse spora. Dei to spora heiter nåde og sanning. 

n

Kvar for seg fører begge desse spora vill. Sanninga åleine bind folk i skam og sjølvfordøming. Nåden åleine forfører folk inn i ei livsløgn som tar bort livsgleda. Men saman verkar nåden og sanninga som dynamitt. Når nåde og sanning får gå i spann, kan dei sprengje eit kvart tyngjande åk over kropp, sjel og ånd. Vegen til fullkomen fridom heiter nåde og sanning. 

n

Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. (Joh. 1, 14)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *