Å høyre og å skjøne.
n
Som lærar er det alltid ei utfordring å skulle vite om orda mine og overleveringa av kunnskap til elevane vert forstått og oppfatta slik eg ønskjer det. Eit viktig mål i undervisninga er at alle høyrer rett og skjønar bodskapen. Når kunnskap skal prøvast i ettertid, må eg ofte erkjenne at ikkje alt vart forstått, og ikkje alt vart høyrd og tatt i mot slik eg hadde håpa.
n
Ord kan vere vanskelege å forstå rett. Ord har innhald, og lærdomsord skal skape noko nytt. Kunnskap er å forstå orda, ta vare på orda, og omsetje dei i ny lærdom og innsikt om livet. Dette har vore menneska si utfordring til alle tider, også i møtet med evangeliet.
n
Jesus snakka med disiplane sine om dette. Av likninga om Såmannen skjønar vi at orda om Guds rike er som frø som må mognast i god jord før dei gjev frukt i form av ny kunnskap og livserkjenning. Dette er ei utfordring for dagens travle menneske, som ofte berre har tid til mannakorn og korte avsnitt, og som sjeldan gir seg tid til å pløye djupt i Guds ord. Kanskje skulle vi i større grad ta alvoret frå likningane om Guds rike inn over oss? Jesu forteljing om Såmannen er ei av desse, og alvoret i likninga er at det slett ikkje er sjølvsagt at såkornet, Guds ord, slår rot og skaper frukt som varer.
n
I likninga om Såmannen seier Jesus at noko av såkornet fall i god jord og gav grøde. Og i forklaringa seier Jesus dette: ”Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.” (Matt. 13, 23)
n
Då vert det viktig for meg å be om at Gud må openberra og forklara Ordet for meg, slik at eg kan skjøna det når eg les det og høyrer det. Og så må eg faktisk ha tid til å lese det, høyre det og grunne på det. n
Guds ord har skaparkraft, og Guds ord er levande og virkekraftig. Guds ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. (Salme 119, 105)
n
God helg!
n
n
n